Rom for alle - den universelle utforminga i Fryland og Orstad kyrkje

GOD SKILTING som syner at det er teleslynge, vegen til handikapptoalett og alle andre sider ved bygget, er viktig for alle. Dette kan integrerast i utsmykkinga, slik at det ikkje vert skjemmande, eller slik Frøyland og Orstad kyrkjelyd har gjort, med flyttbare tavler.

Handikapptoaletta må ha spegel som fungerer både for ståande og sitjande. I garderobane vil ei låg knaggrekkje i tillegg til dei høge, vera til hjelp for rullestolbrukarar og ungar.

Dei tekniske innretningane og dei arkitektoniske løysningane blir stadig betre. Frøyland og Orstad kyrkje er eit levande eksempel på det. Men den viktigaste erfaringa frå arbeidet er at det må liggja ei open haldning til grunn. Då blir sjølv det umoglege mogleg.