Rom for alle - den universelle utforminga i Fryland og Orstad kyrkje

Omsynet til valfridom der hørselshemma kan sleppa å synleggjere funksjonshemminga si, gjorde at det vart lagt inn teleslynge heller enn mottakarar til å henga kring halsen, sjølv om det siste er ei betre teknisk løysing. Teleslynga fungerer utmerka i heile kyrkjerommet. Tekstar projiserte på veggene gjer det òg lettare for hørselshemma å delta under gudsteneste.

Stolane og kledninga i taket i kyrkjesalen er i bjørk. Materialvalet er inspirert av operahuset i Sydney, der det er brukt mykje bjørk av omsyn til akustikken. Bjørk har ein svært nøytral akustikk, og er ofte nytta til høgtalarar på grunn av dette. I Frøyland og Orstad kyrkje er materialvalet eit av elementa som bidreg til ein akustikk og dei hørselshemma finn behageleg. Som ei gruppe pensjonistar som vitja kyrkja sa det; “Her høyrde me alt”.