Rom for alle - den universelle utforminga i Fryland og Orstad kyrkje

Dei beste løysningane er ikkje alltid at alle får alt det dei ynskjer. Våre erfaringar kan vera gode råd til andre som skal byggja med universell utforming.

Kommunane Time og Klepp si ressursgruppe for universell utforming har hatt ei samla vurdering av Frøyland og Orstad kyrkje. Representantar for rørslehemma, hørselshemma, synshemma, astmatikarar og allergikarar gjekk gjennom kyrkja og drøfta dei ulike løysingane.

Den grunnleggjande ideen med at alle skal kunna ta del i alt er stort sett gjennomført så langt det let seg gjere. Men ulike behov skapar òg konfliktar. Til dømes er det glatte, harde golvet i kyrkjesalen lett å halda reint, noko allergikarar set høgt. På den andre sida kan lyden av eit hardt golv plaga hørselshemma og det er farlegare å gå på.