Rom for alle - den universelle utforminga i Frżyland og Orstad kyrkje

FOR RULLESTOLBRUKARAR er det ein fordel at dei kan sitja alle stader i kyrkjesalen, både slik at dei kan sitje med kven dei vil, og sleppe å vere på stader der dei ofte føler seg på utstilling.

Det er bra med varmekablar i gangbrua inn til kyrkja, og uteomrĂĄdet har bĂĄde rampe ned til underetasjen og tilgjengeleg uteamfi.

Eit minus er likevel heisløysinga. Her er det nytta ein “lyfteplattform” som er eit langt rimelegare alternativ enn vanleg heis. Denne fungerer som ein heis, men er ikkje klassifisert som heis. Det gjer at brukaren mĂĄ halda inne køyreknappen heile tida medan heisen gĂĄr. Ved opninga av kyrkja var det  ikkje installert automatisk døropnar i heisen, men det var lagt til rette for det, og i den tunge døra inn til heis-/trapperomet. Det er no lagt inn automatisk døropnar i begge.