Rom for alle - den universelle utforminga i Fryland og Orstad kyrkje

DIREKTE MOTLYS finst ikkje nokon stad i kyrkjerommet. Det er til god hjelp for svaksynte. Leielina har òg god kontrast til golvet rundt. For blinde kan likevel leielina vere ei utfordring, då ho manglar regularitet i mønstera eller spor som kan fylgjast med stokk. Leieline til toalett vart òg etterlyst. Dørene til HC toalettet og til kapellet skil seg ikkje ut frå veggene rundt. Det gjer dei vanskelegare å sjå for svaksynte. Skilta kunne òg hatt utheva tekst eller symbol.

Personalinngangen manglar førebels leieline, men det vil bli utbetra med bruk av knottstein blant beleggingssteinane.

Regelmessige golvflater og trappetrinn gjer det enklare å ta seg fram for blinde og svaksynte.

Merking av ulike nivå, til dømes trappekantar og innsteg, er viktig både for svaksynte og andre med redusert djupnesyn. Her ville òg armlene på stolane vore med på å definere skiljet mellom midtgang og sete sterkare.