Rom for alle - den universelle utforminga i Fryland og Orstad kyrkje

Ledelinja - ei kort historie

I 2003 vert det utlyst konkurranse mellom tre arkitektfirma. Skissa frå arkitektkontoret Signatur as blir valt. Den første teikninga kjem i 2004, men må reviderast fleire gonger etter slutninga om at kyrkja skulle byggjast i tråd med prinsippa om Universell Utforming. Den skulle framfor alt ha ei kunsterisk ledelinje. Fleire kunstnarar vert inviterte. Politisk vedtatt 21.mai 2005. Fyrste spadestikk markeres 2.desember 2005 med ordførarane frå Time og Klepp på henholdsvis minigravar og trillebår. 18.mai 2008 legg biskopen ned grunnsteinen, og den 14. desember same året vert kyrkja vigsla. Prislapp: 68 millionar, pluss 17000 dugnadstimar. Allereie helga etter vert det første paret via. Den 21.januar 2009 vert det fyrste barnet bore til dåpen.

Me ville bygge ei kyrkje med plass for alle. Og så gjorde me det.

Kyrkja skal byggjast i tråd med prinsippa om universell utforming. Folk skal kunna gå altergang, døypa barn, gifta og konfir- mera seg, jamvel om dei er orienterings- eller bevegelseshemma, og det utan særlege tiltak for dei. Vedtak i Time kommune- styre 21/6-2005

Det høyrest så sjølvsagt og lettvint ut når me seier det på den måten. Men eit tydeleg mål, ei open haldning og mange flinke fagfolk gjorde at me nådde målet om ei universelt utforma, vakker og funksjonell kyrkje. Ei kyrkje for alle. I denne brosjyra (pdf) har Husbanken, Klepp og Time kommune samla erfaringane frå politisk vedtak til ferdig bygg.

les mer

Me hadde ein visjon. Og den ville me vera tru mot. Med tida skulle den bli stilt på ei hard prøve. Eller utfordring, for å seia det på den måten. Og den kom brått. Me hadde alt fått den første bunka med teikningar frå arkitekten, då det framsynte lokalpolitiske vedtaket om universell utforming kom. Ingen av oss hadde nokon gong høyrt uttrykket før. Men nå sto det der altså, i ein artikkel i Teknisk Ukeblad der Byggteknisk Etat viste til ei rettleiing. Her kunne me lesa at prosessen med universell utforming var i full gong i samfunnet generelt. Regjeringa hadde utforma ein handlingsplan med siktemål om å betra tilgjenget for alle, og då med særleg fokus på personar med nedsett funksjonsevne. Dette inkluderte funksjonsnedsettingar knytte til syn, hørsel, rørsle, forståing og kjenslevare for miljøpåverknad (astma/allergi). I løpet av nokre år ville det vera krav om at alle offentlege bygg skulle vera i samsvar med desse prinsippa.

På ein måte vart desse føringane med på å forsterka visjonen vår. Dei skapte ambisjonar om å utvikla eit mønsterprosjekt. Teikningane vart endra. Me måtte tenkja heilt nytt, gå endå meir detaljert til verks, ta nye grep. Det utløyste både frustrasjon og atskillig debatt. Oppi det heile var det vanskeleg å finna røynd hjelp frå det offentlege. Til og med støtteordningane glimra med sitt fråver.

Men nå er det slik at arkitektur er kompromissa si kunst. Den involverer alt og alle. Moglegheitsstudiane og arkitektane si bevisste haldning til eit heilheitleg uttrykk i bygget, fekk oss til å sjå på utfordringane som ei kjelde til nye, spanande og heilt unike løysingar. Saman med dei ulike handikapforbunda, kunstnarar, eit breitt register av fagfolk og ei sterk dugnadsånd, fekk me utretta mirakel.

Nå står ho her, kyrkja vår. Den fyrste kyrkja i Noreg med universell utforming og som er bygd av to kommunar saman. Dette er vår historie. I ord og bilete. Vårt vesle livsverk. Me vonar det kan vere til inspirasjon og glede når me ynskjer deg velkomen inn.

Her er rom for alle.

kollapser teksten

Universell utforming vart leielinja vår. Ein hemsko meinte mange. Istaden vart det ei openberring.

Frøyland og Orstad kyrkje har alt sett spor. Sjølv med sine katedralske dimensjonar glir ho vakkert inn i landskapet. Takforma er enkel og avklåra, og er ei nytolking av den jærske tradisjonen. Det lågmælte kombinert med formal styrke, som arkitekten ville ha sagt det. For oss er det like mykje bodskapen om det velsigna enkle som kjem til uttrykk. Her er det lett å koma til, enkelt å finna fram. Du ser og føler det på lang avstand.

les mer

Nå er ikkje universell utforming ei spesiell stilretning i arkitekturen. Den kan ikkje identifiserast slik, og det er heller ikkje meininga. Universell utforming er ein måte å tenkja på i designprosessen. Målet er å koma fram til løysingar som både ser flotte ut og samstundes er behaglege å bruka. Og ho skal imøtekoma alle brukarar, utan behov for ytterlegare tilpassing.

I kyrkja vår er det dei kunstnariske elementa som er berande i den universelle utforminga. Det er dei som leiar vegen, formidlar opplevingane og samveret. Det er dei som avgrensar farane og gjev brukaren den informasjonen han treng for å føla seg trygg, med rekkevidde og mobilitet.

Me er stolte av det me har fått til. Men det har vore ein krevjande prosess. Universell utforming var tema på alle byggjemøta i starten, og prosjektleiaren hadde ein stor jobb med å få alle til å skjøna at universell utforming var noko meir enn tilgjenge for rullestolar. Når så mange aktørar er inne i biletet, ligg den største utfordringa i det å få alle til å tenkja likt. Det er først når kvar minste detalj er samstemt og finslipt at me kan snakka om gjennomført design. Det har me klart. Kyrkja er blitt ei openberring. Ikkje på tross av, men på grunn av den universelle utforminga.

kollapser teksten

Du kan godt sitja på bakerste rad. Du er like fullt midt I det.

Kyrkjerommet er svært og høgreist, med den tolv meter høge altertavla som eit sterkt sakralt element. Like fullt er det avdempa og intimt. Og det på trass av at korpartiet nærast er fritt for utsmykkingar og installasjonar. Alt det nødvendige utstyret er plassert i golvet, bortsett frå flygelet då. Til og med preikestolen kan fjernast om det er påkrevd. Dette opnar for eit vell av moglegheiter for framføring av større musikalar, dans og andre opptrinn der ein treng stor plass.

les mer

Slåande reint, er omkvedet. Du er ikkje i tvil om kor ting skjer og kor du skal halda fokus. Samstundes kan du kjenna at rommet har ei heilt særeigen nerve. Du har kontakt med det som går for seg der framme ved koret. Du er nærare, meir til stades. Når du sit i det lett skrånande kyrkjerommet, er det nesten som å vera i ein teatersal. Nærleik framfor distanse. Det nedseinka amfiet har vist seg å vera eit framifrå grep på mange måtar. Arkitekten sin tanke var at romet skulle vera eit samlande landskap. Mellom anna er det integrerte rampar med kvilerepos på ulike stader, slik at rullestolbrukarane kan velja kor dei vil sitja. Tilkomsten er lett, også til det omkransande hovudnivået. Dermed har ein tilgang
til alt, både til koret og til døypefonten som ligg nedst i amfiet.

kollapser teksten

Lyden er så flott at ein skulle tru han kjem ovanfrå. Og det er nettopp det han gjer.

Til skilnad frå andre kyrkjer er det ikkje mykje gjenklang å høyra i denne kyrkjesalen. Den vanlege støyen er borte. Her herskar ei heilt særeigen ro, og ein avdempa akustikk du knapt trudde var mogleg å få til i eit slikt rom. For hørselshemma og dei med høyreapparat er det som å koma inn i ei ny verd. Her er til og med teleslyngene lagde med kablar som ikkje skal gje dei ubehagelege signala. Eldre menneske har alt uttrykt si begeistring: ”her høyrer me jo alt”. Og lyden ber godt, klår og rein. Konsertane me har hatt her til nå, har vore eventyrlege kva gjeld lyd. Eller for å seia det med Hanne Krogh: ”Dette er ein av dei beste salane eg har sunge i”.

les mer

Det ligg mykje arbeid og teknikk bak. Lydmattene ligg tett bak dei perforerte veggane, og himlinga er forma som ei bølgjande havbåre. Nå er den rett nok i tre, men av det mest lyddempande slaget, bjørk som og er nytta i operaen i Sydney. Bjørka går òg igjen langs heile galleriet. Eit anna grep me gjorde, var å kle stolane med stoff.

Med alt dette som bakteppe kom me ikkje utanom eit godt lydanlegg. Fullt PA-lydsystem, som me kan tilpassa alle slags arrangement. Lyden vert styrt via eit miksebord oppe på galleriet. Herifrå kan ein i tillegg styra lys, prosjektorar og filmkamera som er plasserte rundt om i salen. Med direkte link til eit studio i underetasjen, kan ein laga eigne opptak med både lyd og bilete frå arrangementa oppe i kyrkjesalen. Ute i foajeen kan ein og fylgja med via to storskjermar. Slik kan ein trekkja seg litt tilbake dersom ein har behov for det, og samstundes vera med på det som føregår inne i salen.

kollapser teksten

Ei open rame kring livet. I gode og vonde dagar.

Kyrkja vår har ein primærfunksjon. Den skal vera ein samlingsplass for folk i alle fasar av livet. Alterbiletet seier mykje om akkurat det. Det symboliserer livsvegen, der det er opp til den einskilde å konstruera sine eigne vegar gjennom livet og opp mot himmelen.

les mer

Som følgjesvein og vegvisar har me lagt kyrkja vår tilrette for alle, same kor ein står i livet. Til dømes er dåpen ein av dei store merkedagane for dei fleste. Her i kyrkja har me ordna det slik at alle får den moglegheita, enten dei er born eller vaksne. Dette er nemleg den fyrste kyrkja i Noreg med kombinert døypefont og dåpsbasseng. Dermed kan ungdom, vaksne eller dei som ynskjer å la seg døype i vaksen alder få vaska av seg syndene i bassenget. Bassenget er ein del av den kunstnariske utforminga, og er til og med utstyrt med lys under vassflata.

Utover det å vera ei alminneleg kyrkje, har me òg lagt vinn på å markera oss i andre samanhengar. Me vil vera opne, og me vil halda ope. Me vil at det skal skje ting, me vil ha liv og røre. Like mykje som det å vera ein konsertarena om kveldane, vil me vera ein møteplass. Gjerne til fest og hygge, gjerne til minnestunder og andre samkomer. I foajeen er det plass til 400 menneske. Ved matservering kan det dekkast til 200 personar. Og då kan ein attpå til laga maten sjølv i storkjøkkenet. Mykje av møblementet går på hjul, slik at det lett lar seg flytta rundt om. I kyrkjestova kan ein trekka seg litt meir tilbake for anna form for samvær. For dei litt meir uhøgtidelege arrangementa, har me rigga til ein eigen festsal i underetasjen, med plass til fleire hundre menneske.

I tida som kjem, har me mange store oppgåver framfor oss. Mellom anna har me fått hand om tomta bakanfor kyrkja. Der planlegg me nå gravplass med universell utforming med tilhøyrande prosesjonsveg. Så me er med – i gode og vonde dagar.

kollapser teksten

Lyset i kyrkjesalen er eit mesterverk. Likevel vil nok mange seia at dei viktigaste lysberarane er dei du kjenner, føler og sansar.

Bladverket står sentralt i utsmykkinga utandørs. Frå å vera blesne ut over parkeringsplassen, samlar dei seg til ei leielinje opp mot kyrkja. Dei er ikkje vanskelege å finna. Den som er van, kjenner dei under føtene. Ei bein linje med bladkledde fliser, kombinert med leielys. Heilt fram til kyrkjedøra, som er dekorert med det same bladverket. Innanfor glir det over i tekstlege element henta frå 1.kor.kap.13 (kjærleikskapittelet). Overgangen er mjuk og taktil. Så held det fram, gjennom kyrkjesalen, heilt fram til alteret, og vidare opp mot alterbiletet. Slik symboliserer det at kyrkja er ramma kring livet.

les mer

Dagslyset strøymer ned langs veggene og glir mjukt inn i kyrkjerommet, slik at det ikkje blir forstyrrande eller skarpt i augo på den som sit i salen eller står framme ved alteret. Frå begge sider av altertavla til Per Odd Aarrestad spelar lyset langs heile høgda, og forsterkar dramatikken og livet i dei mange detaljane. Ein ser alt og slepp å mysa. Lyset gjer samstundes at ein slappar betre av og preika får ein ekstra dimensjon. Slik har lyset bevisst fått ei dobbeltrolle – som funksjon og som stemningsskapar.

Dei kunstariske elementa er sterke i sitt språk, med klåre leieteikn for den som treng det. For andre er dei berre duse, nedtona utsmykkingar. Som dei små trappemarkeringane til dømes, med den same bølgja som i himlinga, eller i form av ei due eller ein fisk. Eit av dei mest særprega kunstverka finn du ute i foajeen. Det er to motiv henta frå skapingsforteljinga, då Gud gir namn til fuglar og dyr, med Adam på den eine sida, Eva på den andre. Verket er laga av Tor Lindrupsen, og støypt i eitt stykke betong er det ei teknisk nyvinning. Motiva er til å ta og føla på, og gjev ei sterk oppleving.

kollapser teksten

Det er ikkje naudsynt å ropa det ut og laga så mykje støy. Det beste er om det blir ein naturleg del av heilskapen.

Du finn ingen utropsteikn i kyrkja vår. Ingen prangande ver varsam plakat, ingen piler og skrikande fargeband. Heller ingen omvegar eller synlege innretningar som set stempel. Ingen stengsel, ingen hinder. Ikkje for nokon. Dei som treng ei lita hand, finn ho. Ver sikker. Ser du det ikkje, vil du føla det. Høyrer du det ikkje, vil du kjenna det. Det ligg i golva, det sit i veggene og i taket. Frå parkeringsplassen ute, heilt inn i dei inste krokane. Det synlege, og det usynlege. Hand i hand. Måten me har klart å integrera det funksjonelle og det kunstnariske på har gitt kyrkja vår ein ny dimensjon. Visst er det ein ny måte å tenkja på. Men så er det nettopp det som er kjenneteiknar universell utforming.