Rom for alle - den universelle utforminga i Fryland og Orstad kyrkje

Det gode samspelet vart sjela i byggjeprosessen

Då arkitektfirmaet Link-Signatur på Sandnes blei kontakta av kyrkjelyden på Frøyland og Orstad for å konkurrera om oppdraget med den nye kyrkja, vart det lagt fram tankar om eit kyrkjerom litt ulikt dei fleste andre. Amfi, døypebasseng og moglegheit for mange typar bruk, stod på ynskjelista.

Arkitektane René de Groot og Erik Thesen la sjela i eit forslag dei kalla Kyrkjelandskap. Inspirasjonen var henta frå det langstrekte Jær-landskapet.

Mange eldsjeler tok del i arbeidet, og den gode viljen og opne haldninga smitta. Sjølv om løysningane som er skapte både har ei praktisk og ei estetisk side, er det likevel dei positive haldningane til å lukkast som er fundamentet.

Mange har gjort ein stor innsats i arbeidet med Frøyland og Orstad kyrkje, og me klarar ikkje få med alle her. Men me vil spesielt nemna arkitektfirmaet Link Signatur og kunstarane Per Odd Aarrestad, Tor Lindrupsen og Reidun Rugland.
I tillegg vil me takka Klepp og Time kommune si ressursgruppe for universell utforming for deira vurderingar.

Ynskjer du meir informasjon om prosjektet, kontakt Anne Reidun Garpestad, Time kommune på telefon 51 77 60 00.

Nettsida er utvikla av Lokomotiv Media. Bileta er tekne av Knut Bry. Oppdragsgjevar har vore Husbanken samt kommunane Klepp og Time.