Rom for alle - den universelle utforminga i Fryland og Orstad kyrkje
Prosjektleiar Njaal Fykse tek i mot Rogaland Fylkeskommune sin tilgjengepris for 2009.

Rogaland Fylkeskommune gav sin Tilgjengelighetspris for 2009 til Frøyland og Orstad kyrkje.

Tilgjengelighetsprisen vert delt ut til den enkeltpersonen, organisasjonen, verksemda, kommunen eller offentlege etaten som har gjort ein spesiell innsats for å betra tilgjenget for funksjonshemma.

Prisen består av eit diplom og ein sjekk på 20 000 kroner, og vart delt ut av fylkesordførar Tom Tvedt under Fylkestingsamlinga 8. desember 2009.

Grunngjevinga for tildelinga var blant anna:

− Frøyland og Orstad kyrkje har vist stor kreativitet og nytenking i dette prosjektet, og dei har fått ei god og praktisk løysing som innbyr til aktivitet og deltaking for alle, utan spesialløysingar. Konklusjonen er at universell utforming framstår som integrert i heilskapen.

Fylkesrådet for funksjonshemma er imponert slik kyrkja framstår og korleis kyrkjelyden, med prosjektleder Njaal Fykse i spissen, har møtt utfordringa med positiv innstilling.